Bondelagsleiar ber om traktor-respekt

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane bondelag ber bilistar visa tolmod for traktorar i sommar og unngå farlege situasjonar i trafikken (illustrasjonsfoto).   Foto: Stian Lysberg Solum

Nyhende

Utolmodige bilførarar og mange stygge forbikøyringar for traktorar, uroar bondelagsleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag.

– Veldig ofte opplever vi nesten-ulukker, seier Felde til NRK.

Nokre gonger går det også gale. Denne veka kolliderte ein personbil med ein lastebil i Jølster i samband med forbikøyring av ein traktor, fortel kanalen.

Bondelagsleiaren oppmodar bilførarane til å vera tolmodige og respektera traktorane slik at ein unngå ulukker og farlege situasjonar på vegane i sommar. Det same gjer Trygg Trafikk.

(©NPK)