Mann i 50-åra fråteken førarkortet i kontroll

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Utrykningspolitiet gjennomførte ein laserkontroll i 60-sona på E39 i Hornindal torsdag ettermiddag.

Det vart skrive ut 27 forenkla førelegg for fart. Høgste målte fart var 80 km/t.

Ein mann i 50-åra fekk inndratt førarkortet og vart meld då han vart målt til 92 km/t.

To sjåførar fekk forenkla førelegg for mobilbruk.

Eitt kjærastepar i 20-åra frå Austlandet vart meld. Mannen som køyrde bilen hadde ikkje gyldig førarkort. Kjærasten hadde overlatt bilen til han og ho vart meld for dette, opplyser politiet.