Sjåfør fekk 10.000 kroner i gebyr

Eit vogntog vart stoppa med fem utslitne dekk i ein kontroll på Utvikfjellet, noko som gav 10.000 kr i gebyr.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

I ein kontroll på fv 60 over Utvikfjellet natt til onsdag vart det stoppa eit vogntog med fem utslitne dekk. Føraren fekk 10. 000 kr i gebyr, og vart send direkte til verkstad med køyretøyet.

I tillegg vart det stoppa ein bil som hadde manglar med lyset.

Elles hadde dei andre førarane alt i orden, melder Statens vegvesen.

I alt 36 køyretøy var innom kontrollplassen.