Kommunalsjef helse og sosial i Stryn kommune:

– Alle må ta ansvar

Kommunen, politi og skjenkestadane i Stryn kommune har saman ut- arbeida tiltak for å hindre smitte når vi går sommaren i møte.

kommunalsjefen for helse og sosial : Heidi Vederhus med oppfordring frå kommunen om å følge smittevernråda. Ho understrekar at det også er gjestene sitt ansvar å halde avstand då det er i alle sin interesse å halde samfunnet smittefritt. Ho seier aktørane har forståing for at det er ei vanskeleg oppgåve, og at det ikkje berre er opp til den enkelte serveringsstad å overhalde avstandskravet. 

Nyhende

Pinsehelga var det venta mykje liv på utestadane i Stryn. Tidleg stenging gav store ansamlingar av folk på og utanfor skjenkestadane. Det vart deretter utvida til ordinær stengingstid for å minske samlinga av gjester, og betre fordele gjestene på utestadane.