Korona ved Nordfjord sjukehus: Svensk vikarlege testa positivt på Covid-19

Korona ved Nordfjord sjukehus: Ein svensk vikarlege som arbeider ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på Covid-19.   Foto: Helse Førde

Nyhende

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus testa fredag positivt på covid-19. Den tilsette er i heimeisolasjon og arbeidet med smittesporing og vernetiltak er i gang.


Den tilsette er ein svensk vikarlege som arbeider ved medisinsk avdeling, opplyser Helse Førde.


- Vi sette med ein gong i verk tiltak etter dei planane Helse Førde har for handtering av koronasmitte, og er i ferd med å få god oversikt over kontaktflata til den smitta, sier direktør ved medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

I følgje NRK skulle legen etter reglane ha vore 10 dagar i karantene sidan vedkomande kom frå Sverige, men Helse Førde gav fritak frå karanteneplikta.


– Vi har anledning til å gi fritak frå karanteneplikta når vedkommande oppfyller ei rekke kriterium, mellom anna å vere heilt symptomfri og at vedkommande ikkje har vore i kontakt med andre som er smitta, seier Trine Hunskår Vingsnes, direktør ved medisinsk klinikk i Helse Førde til NRK Vestland.


Helse Førde har sidan den positive prøva vart kjend, arbeidd med å spore kva kontakt den tilsette har hatt med kollegaer og pasientar. Dei som har hatt med den smitta å gjere, blir kontakta av sjukehuset og informerte, og ved behov motta individuelle tiltak.


Pasientar i distriktet som skulle trenge innlegging blir no sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus, opplyser helseførtaket.