Mikkel Rev likar Harley Davidson!

Her sit Mikkel Rev og beundrar Harley Davidson-sykkelen som blenkjer i sola.   Foto: Liv Iren Jespersen

Nyhende

Mikkel Rev liker Harley Davidson! fortel Liv Iren Jespersen, som har teke dette fornøyelege bildet.

Historia bak er slik: Liv Iren bur i eit hus der hagen endar heilt ned mot fjæra. I det siste har dei hatt ein rev tuslande rundt i hagen, og Liv Iren lista seg forsiktig ut for å sjå om ho kunne få teke eit bilde av den uredde reven.

Og der sat han og beundra den raude Harley Davidson-sykkelen som blenkte så fint i sola!

Har du eit blinkskot du har lyst til å dele med Fjordingen sine lesarar? Send det til oss på 40402140 eller redaksjon@fjordingen.no

Vi trekkjer flaxlodd mellom bidragsytarane!