Storslåtte Segestad

Eit besøk til garden Segestad i Oppstryn gjev deg mykje oppleving i forhold til tida på tur. I naturskjønne omgjevnader, omkransa av brear og fjell, ligg garden med røter frå vikingtida.

Utsikt: Sigdestad, eller Segestad, ligg fint til på fjellhylla 300 høgdemeter over Glomnes. Frå den gamle fjellgarden har ein god utsikt mot store delar av Oppstryn. Her frå pinsa 2020. 

Nyhende

Garden Sigdestad, eller Segestad som vi uttalar namnet i dag, ligg på ei lita fjellhylle, i munningen av Glomsdalen like ved Hjelle i Oppstryn. Den ligg rett i overkant av 300 m.o.h.

Turen startar frå parkeringsplassen på Glomnes ved Oppstrynsvatnet, og etter fem minutt gange på bilveg startar stien opp til garden. Turen opp tek nok for dei fleste ein stad mellom 30 og 60 minutt.

Taubane: Då denne kom på plass i 1931 letta det nok mykje på børene opp stien. Nede til venstre ser vi Hjelle.  Foto: Roy Aron Myklebust

Frå Segestad har ein ei flott utsikt mot store delar av Oppstryn. Det er fire bygningar på garden og desse er opne for publikum. Ein tur innom grindeverks-løa frå 1890 eller gråsteinshuset frå 1908 gjev smakebit på ei svunnen tid.

Løa: Løa er frå ca 1890. Frå gluggen har ein flott utsikt mot Erdalen og Hjelle.  Foto: Roy Aron Myklebust

Opphavleg heitte garden Sigvalstadir. Dette indikerer at den første brukaren av staden heitte Sigvald. Dei fleste gardsnamn som endar på stad er frå Vikingtida, kring år 800-1.000. Men dei kan vere eldre også. Sigdestad er nemnt i Snorre-boka kring 1100-talet.

Spor frå Jernalderen

Det skal ha vore ei eiga fjellgrend her opp i dalen med gardane Selstad, Nås, Flåten og Tømra, i tillegg til Sigdestad. Lengst inne i Glomsdalen, på setra Stol, har ein funne kolgroper som fortel om liv heilt tilbake til Jernalderen.

Etter Svartdauden (ca 1350) var det berre på Sigdestad at drifta vart teken opp att. Dette skjedde først på 1500-talet.

Ope: Bygningane er ope for publikum og ein kikk innom huset gjev ein smakebit på livet som vart levd fram til 1961.  Foto: Roy Aron Myklebust

Garden skal ha vore rekna for å vere ein av dei beste i Oppstryn sokn. Her vart det dyrka bygg, havre og kveite. Dei hadde kyr, griser, sauer og hestar. I tillegg til familien var både drengar og tenestejenter i sving i gardsarbeidet.

Taubana til Glomnes kom i 1931. Før den tid var det mange tunge børe opp og ned den bratte stien.

Gråsteinshus: Huset på garden er frå 1908 og er bygd med doble gråsteinsmurar.  Foto: Roy Aron Myklebust

Jon Sigdestad var den siste brukaren av Sigdestad, han døydde i 1961, 69 år gammal.

Kjelde: Informasjons-tavler på Segestad.