Ikkje ver redd for å skifte fag, om du føler at du er hamna på feil hylle, seier Mona Seljeset (26).

– Finn noko du verkeleg er interessert i, og gå for det!

Mona Seljeset frå Hornindal følte at ho ikkje var komen på rett hylle. Etter eitt år slutta ho på vidaregåande skule. Kort tid etter sat ho i ei gravemaskin og var blitt lærling i maskinførarfaget. I dag har den 26 år gamle småbarnsmora fagbrev som gravemaskinkøyrar og ferskt bergsprengingssertifikat. Og ho stortrivst.

Aldri angra: – Eg har ikkje angra ein dag, seier Mona Seljeset, som hoppa av frå vidaregåande skule og byrja som lærling i maskinførarfaget. – Det gjeld å finne noko ein verkeleg er interessert i, og gå for det! 

Nyhende

Mange unge opplever at det er vanskeleg å velje utdanningsretning når dei er på veg ut av grunnskulen. Kva skal dei søke på av vidaregåande utdanning, kva vil dei med livet sitt?