Helse Førde endrar testrutinane for utanlandske vikarar

Laurdag opplyste Nordfjord sjukehus at ein svensk vikarlege hadde gått på jobb med koronasmitte. No skal alle vikarar testast ved oppstart.

Alle vikarar skal no testast for korona ved oppstart og etter to dagar. (Illustrasjonsfoto)  Foto: Margunn L Masdal/ Helse Førde (Arkiv)

Nyhende

Rutineendringa kjem som følgje av endringar i Folkehelseinstituttets råd tidlegare denne veka, skriv Firda.

Som hovudregel skal alle svenske arbeidarar gå i karantene i ti dagar før dei byrjar å jobbe i Norge, men det er mogleg å gjere unntak for grupper som helsepersonell. Fram til no har det likevel ikkje vore krav om å teste dei for korona. Det endra Folkehelseinstituttet på tidlegare i veka.

– Rutinane er endra no. Årsaka er at FHI no tilrår testing ved oppstart og etter to dagar, seier medisinsk direktør Trine Hunskår Vingsnes i Helse Førde til Firda.

Også ein svensk vikarsjukepleiar ved Sandnessjøen sjukehus testa positivt for korona. Begge stader er pasientar og medarbeidarar som har vore i kontakt med vedkommande no testa og isolert.

(©NPK)