Opna is og kaffibar med kreativt namn i Olden

Kjøpmann Andre Opheim i Olden er kjent for kreativiteten sin. Laurdag opna han ein ny is og kaffibar som har fått namnet Stabukk.

Mykje å gjere: Irene Krogh Opheim (t.v.) og Margrethe Krogh Opheim selde mykje is i helga då is og kaffibaren Stabukk opna i Olden.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Mottakinga har vore bra, ja over all forventning eigentleg, seier Opheim. Mange var innom lokala i godvêret laurdag, men også søndag seig det godt på med folk.