Dagsturhytta i Hornindal:

Rasteplass med storslått utsikt

Dagsturhytta i Hornindal er ei av hyttene med mest spektakulær utsikt, og er blitt ein populær stopp anten på korte eller lengre turar.

Nakkebruna: Dagsturhytta i Hornindal ligg på Nakkebruna, på veg opp den godt merka turstien til Ytrehornsnakken og vidare over mot Otterdalssetra.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Hytta vart opna som ei av dei siste i dåverande Sogn og Fjordane fylke, og er ei av dei mest påkosta dagsturhyttene. Med stor platting på utsida er hytta ein fin rasteplass anten ein vil nyte livet ute eller inne med ei god bok på leseloftet. Stoppen på hytta gir god utsikt både til Grodås, innover Hornindalen og utover Hornindalsvatnet.

Frå dagsturhytta er det storslått utsikt også over fjella og dalen i nordleg og austleg retning.  Foto: Bengt Flaten

Hytta ligg i traseen for ultrafjelløpet Hornindal rundt, men nettverket av godt merka turstiar og trimpostar i Hornindal er flittig brukt av mange, året rundt. Den som tek med seg alle trimpostane i Hornindal gjennom eit år frå september til september, kan kalle seg supertrimmar og får krus for fullført supertrim.

Etter at Hornindal vart del av Møre og Romsdal, er mange av trimpostane i Hornindal også lagt inn i Norges mest populære turtrim «Stikk UT!». Turgåarar kan velje mellom 436 turar i 24 kommunar i Møre og Romsdal. Av desse er førebels fire i Hornindal: Ytrehornsnakken, Kirkhornssetra, Gulkoppen og Hornindalsrokken.