Strålande resultat av Steffen Melheim

Steffen Melheim sette solid ny norsk aldersrekord i diskos klasse 17 år på Loggane søndag.

Ny aldersrekord: Steffen Melheim, Olden IL, sette ny aldersrekord i diskos for 17-åringar søndag.   Foto: rune helle/vestpress (arkiv)

Nyhende

Melheim fekk opp eit kjempekast på heile 65,79 meter med diskosen på 1,5 kilo, noko som er nesten tre meter lenger enn Fabian Weinberg, Kristiansand IF, sin gamle rekord på 62,89 meter frå 2018.

Resultatet er også årsbeste i verda for årsklassen, og i fjorårssesongen var det heller ingen 17-åringar som kasta over 65 meter, ifølgje Hans Petter Galtung i friidrettsgruppa i Olden.

Etter Tyrvingtabellen gir resultatet 65,79 meter 1.231 poeng.

Imponerande serie

Her er den imponerande serien Steffen Melheim presterte med 1,5 kg-diskos på Loggane søndag: 61,02 meter – 61,30 meter – daudt kast- 63,36 meter – 63,68 meter -65,79 meter. Det var altså i siste omgang at Melheim fekk opp rekordkastet.

Boysen Memorial

Tysdag deltek Steffen i Boysen Memorial på Bislett stadion i Oslo. Der deltek han i seniorklassen, og må då kaste diskos med vekt på to kilo.