Glenn Rand (28) frå Hornindal ute med sitt andre album i juli:

Laga nytt album på fire veker

Honndølen Glenn Rand var ikkje vanskeleg å be då plateselskapet ringte i haust med tilbod om nytt album. I juli kjem albumet «Når vinden snur» ut med seks nye låtar.

Slå an på vestlandet: Sjølv om musikaren Glenn Rand satsar på musikken i området der han bur på Haugelandet, håpar han at låtane også vil slå an heime i Nordfjord. - Det hjalp mykje på når «Mine auge lukka» kom på NRK sine spelelister, seier Glennen. 

Nyhende

Det siste året har visemusikaren hatt vikariat som musikklærar på Hauglandet, og ynskjer no å satsevidare på musikken.