Nordfjordakademiet møtte avgangselevar i Stryn og på Eid

– Per i dag er det ingen som veit kvar alle dei flotte elevane i Nordfjord dreg etter avslutta skulegang.

Nordfjordakademiet: Tonje Bjerkan i Nordfjordakademiet ønskjer å kartlegge alle ungdomar som dreg frå Nordfjord slik at ein kan få ein oversikt over kvar dei er og kva dei studerer i håp om at akademiet kan opprette kontakt for framtidig rekruttering til regionen. foto: roy aron myklebust (arkiv) 

Håpet er at vi kan få som mange som muleg inn i databasen vår

Tonje Bjerkan, Nordfjord-akademiet
Nyhende

– Vi i akademiet har som mål å kartlegge alle som dreg ut slik at vi kan få oversikt over kvar dei er og kva dei studerer i håp om at vi kan opprette kontakt for framtidig rekruttering til Nordfjord, forklarer dagleg leiar i Nordfjordakademiet, Tonje Bjerkan, i ei pressemelding.