Bru i Briksdalen vert snevra inn

Skal forsterke bru: For å komme inn til parkering og snuplass for Briksdalsbreen og andre turistattraksjoner i området, må bussane krysse denne brua.  Foto: Privat

Nyhende

Brua Briksdal I på fv 5724 Oldedalsvegen skal forsterkast innan sommarsesongen 2021. Fram til då vert køyrebana innsnevra, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

– Kontrollmålingar viser at brua ikkje har tilstrekkeleg kapasitet til å tole tyngre køyretøy utan at vi gjer tiltak, seier Jorunn Hillestad Sekse, leiar for vedlikehald område nord i Vestland fylkeskommune.

Brua har også dårleg rekkverk, og eit tredekke som gir utfordringar med vedlikehald.

Midlertidig tiltak

Ved å snevre inn køyrebana og kun tillate sentrisk køyring over brua kan den ta unna årets ferietrafikk på Oldedalsvegen. Sentrisk køyring betyr at ein køyrer midt på vegbana.

– Vi har regelmessige kontrollar av alle bruene våre, og dette er ei av dei vi held under spesiell oppsikt. Sentrisk køyring gjev ein ekstra tryggleik, for då konsentrerer ein vekta på dei hovudbærande bjelkane, dei som toler mest, forklarer områdeleiaren.

Å snevre inn køyrebana er kun ei mellombels løysing, her trengst det større tiltak som forsterking av bærebjelkane.

– For å utføre desse tiltaka må brua stengast, og det kan vi ikkje gjere midt i turistsesongen. Vi har som mål at brua skal vere utbetra innan sommarsesongen 2021, seier Hillestad Sekse.

I eit normalår er det mange bussar som kvar dag fraktar turistar inn til Briksdalsbreen og andre turistattraksjonar i området. Nokre av desse er tungt lasta.

Brua vart utvida i breidda i 2016, med utgangspunkt i det ein hadde av teikningar frå då brua vart bygd. Utrekningane som vart utført i fjor viser at bereevna likevel ikkje er tilstrekkeleg til å oppretthalde klassifiseringa brua har hatt til no. Det betyr at utan tiltak er den ikkje lenger godkjent for at større køyretøy med mykje last kan krysse brua.

Større tiltak

På lengre sikt bør det gjerast større og meir omfattande utbetringar av brua, og dei bør sjåast i samanheng med nabobrua, Briksdal II, som ligg nokre meter lengre oppe i dalen. Denne brua er også smal, og har dårleg rekkverk.

For å få eit fullgodt alternativ bør begge bruene bytast ut, og slåast saman til ei lengre bru. Ved å slå saman bruene kan ein også rette ut den krappe svingen ved Briksdal I, og rette ut linjeføringa på vegen.

Kart som viser bruene Briksdal I og Briksdal II.  Foto: Illustrasjon