Covid-19-smitta stryning: - Legen brukte ikkje munnbind

Pasienten frå Stryn som har fått påvist Covid-19 etter å ha vore behandla av den svenske vikarlegen ved Nordfjord Sjukehus, fortel til Fjordingen at legen ikkje brukte munnbind.

Pasienten frå Stryn som har fått påvist Covid-19 etter kontakt med den svenske vikarlegen, reagerer på at korkje legen eller andre tilsette ved Nordfjord Sjukehus brukte munnbind.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

- Eg var først på sjukehuset eit ærend dagen før, og då reagerte eg på at eg ikkje såg nokon tilsette som brukte munnbind. Så var eg på sjukehuset neste dag og var då i kontakt med den svenske legen. Legen brukte heller ikkje munnbind. Eg tykkjer det er viktig å få sett søkelys på at eit sjukehus opptrer såpass nochalant, seier den Covid-19-smitta pasienten på telefon til Fjordingen.

- Vi har smittevernrelgar som vi blir pålagde å følgje som borgarar, og så bryt helsevesenet reglane? Det har til dømes blitt påpeika at munnbind er noko av det viktigaste for svensk helsepersonell når dei kjem for å arbeide i norsk helsevesen, og så blir det ikkje brukt. Det er svært betenkeleg! seier pasienten, som no er i isolasjon med relativt lette symptom på sjukdomen.

Assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad, har i følgje NRK vore tydeleg på at helsepersonell som kjem frå Sverige skal bruke munnbind når dei kjem for å arbeide i Norge.

På Dagsrevyen på NRK tysdag kveld sa han at svensk helsepersonell skal bruke munnbind i 10 dagar medan dei jobbar med norske pastientar. I tillegg skal dei testast, uansett om dei ikkje har symptom, i tilfelle dei har fått viruset utan å vere klar over det.

Den svenske legen ved Nordfjord Sjukehus vart testa og fekk påvist koronasmitte. Ein sjukepleiar ved sjukehuset var då også blitt smitta, og altså fleire pasientar.


Hald fokus på smittevernreglane:

- Ei påminning om kor raskt dette viruset smittar

- Situasjonen med nye tilfelle av koronavirus i distriktet er ei påminning om kor raskt dette viruset smittar, også når ein ikkje har symptom, seier smittervernlege Marius Solbakken i Stryn. Han oppmodar alle om framleis å halde fokus på avstand, handhygiene og å halde seg heime ved sjukdomskjensle.



Nytt tilfelle av korona påvist i Stryn - fleire ventar på svar

Ein person i Stryn kommune har testa positivt på Covid-19, opplyser smittevernlege Marius Solbakken. Personen har vore pasient hos den svenske vikarlegen ved Nordfjord Sjukehus som sist veke testa positivt for koronaviruset (Covid-19).



Helse Førde endrar testrutinane for utanlandske vikarar

Laurdag opplyste Nordfjord sjukehus at ein svensk vikarlege hadde gått på jobb med koronasmitte. No skal alle vikarar testast ved oppstart.