Hald fokus på smittevernreglane:

- Ei påminning om kor raskt dette viruset smittar

- Situasjonen med nye tilfelle av koronavirus i distriktet er ei påminning om kor raskt dette viruset smittar, også når ein ikkje har symptom, seier smittervernlege Marius Solbakken i Stryn. Han oppmodar alle om framleis å halde fokus på avstand, handhygiene og å halde seg heime ved sjukdomskjensle.

- I denne felles dugnaden kan vi få til ein god sommar med mykje aktivitet og glede i Stryn kommune, samtidig som vi passar på dei som er mest sårbare blant oss., seier smittevernlege Marius Solbakken i Stryn kommune, som oppmodar om framleis å halde fokus på smittevernreglane.  Foto: Gunnhild Sindre

- I denne felles dugnaden kan vi få til ein god sommar med mykje aktivitet og glede i Stryn kommune, samtidig som vi passar på dei som er mest sårbare blant oss.

Marius Solbakken, smittevernlege
Nyhende

- Ikkje minst er dette viktig no i ferietida, med mykje reising og mange folk i kommunen, både stryningar og turistar, seier Solbakken.

Smittevernreglane som det er viktig at alle føl, er som tidlegare:

- God avstand til andre (minst 1 meter)
- God handhygiene
- Halde seg heime ved sjukdomsfølelse

- Covid-19 har ofte følgjade symptom: Feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals eller sjukdomskjensle. Kontakt beredskapskontoret i Stryn for vurdering av test om du ikkje har blitt betre dagen etter symptomdebut, seier smittevernlegen.

Når det gjeld barn under 10 år med kun lette symptom på luftvegsinfeksjon kan ein sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Barn med rennande nase som einaste symptom, som ellers er i god allmenntilstand uten andre tegn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje å haldast heime eller testast.

- Alle som blir testa bør halde seg heime til negativt prøvesvar ligg føre og dei er blitt symptomfrie, seier Solbakken, som legg til:

- I denne felles dugnaden kan vi få til ein god sommar med mykje aktivitet og glede i Stryn kommune, samtidig som vi passar på dei som er mest sårbare blant oss.


Nytt tilfelle av korona påvist i Stryn - fleire ventar på svar

Ein person i Stryn kommune har testa positivt på Covid-19, opplyser smittevernlege Marius Solbakken. Personen har vore pasient hos den svenske vikarlegen ved Nordfjord Sjukehus som sist veke testa positivt for koronaviruset (Covid-19).