Frå 7. juli kjem posten annankvar kvardag

Frå 7. juli vil husstandar få levert brevpost i postkassa måndag, onsdag og fredag. Veka etter blir det tysdag og torsdag.

Frå 7. juli får du brev i posten annankvar dag.  

Nyhende

Postutlevering kvar kvardag er ikkje lenger berekraftig eller samfunnsøkonomisk lønsamt, meiner Posten.

Dei siste 20 åra har brevolumet redusert med 70 prosent, skriv Haugesunds Avis.

Det blir framleis mogleg å sende brev fem dagar i veka, og leveringstida blir som i dag frå to til tre yrkedagar.

(©NPK)