Over 1,4 millionar frå Sparebankstiftinga

Mottakar: Skålastilaget får 60.000 kroner frå Sparebankstiftinga (illustrasjonsbilde).  Foto: Kaia Johnsen Viki (arkiv)

Nyhende

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har delt ut over 1,4 millionar kroner til lag og organisasjonar i Nordfjord. Pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Malakoff Rockfestival er største mottakar med 350.000 kroner.

Lokale mottakarar

Desse lokale laga og organisasjonane får pengar frå Sparebankstiftinga:

– Vikane Røde Kors:

75.000 kroner til beredskapsbåt.

– Olden IL:

100.000 kroner til innreiing av treningsrom.

– Stryn Musikklag:

10.000 kroner til premieskåp.

– Hornindal IL:

50.000 kr til robot-grasklippar.

– Stryn E-sport:

30.000 kroner til etablering/istandsetting av lokale.

Mottakar: Stryn Frivilligsentral får 10.000 kroner frå Sparebankstiftinga.  Foto: Gunnhild Sindre

– Stryn Frivilligsentral:

10.000 kroner til møteplass med leksehjelp for innvandrarar.

– Breimsbygda Skisenter:

50.000 kroner til inntektsbortfall pga. korona.

– Markane IL:

150.000 kroner til nye sjølvanvisarar på skiskyttarstadion.

– Gamle Innvik Ullvarefabrikk: 50.000 kroner til kulturscene og musikal.

– Hornindal IL, fotballgruppa: 20.000 kroner til innkjøp av 3’ar-bane.

– Skålastilaget:

60.000 kroner til autorisering som nasjonal turiststi.

– Sudstranda Grendalag:

60.000 kroner til sanitærbygg.

– Hornindal Sanitetslag:

10.000 kroner til felles måltid for eldre heimebuande.