Inga ytterlegare opning av breiddefotballen før tidlegast i august

Styresmaktene kjem ikkje til å opne for kampar og treningar for breiddefotballen i juli (illustrasjonsbilde).  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Styresmaktene kjem ikkje til å opne opp for kampar og treningar i breiddefotballen i juli, opplyser Norges Fotballforbund. Tidlegaste opning blir i august.

Det skriv fotballforbundet i ei pressemelding fredag.

Avgjerda blir grunngitt ut frå smittevernomsyn, noko som får fotballpresident Terje Svendsen til å reagere. Han viser til mellom anna til at Danmark opna opp for breiddefotball 7. juni.

– Difor er det uforståeleg for heile Fotball-Norge at regjeringa ikkje kan opne for trening allereie no. Særleg med tanke på at norsk fotball heile vegen har dokumentert evne og vilje til å ta smittevern på høgaste alvor frå dag éin, seier Svendsen i pressemeldinga.

Fotballforbundet er òg informert om at 3. divisjon menn og 2. divisjon kvinner ikkje kan innlemmast i toppfotballmodellen, noko som ville medført trening med full kontakt og kampoppstart for klubbane på dei nivåa.

– Dette er eit skuffande svar frå regjeringa. Både at dei ikkje ser verdien av trening for alle, og at dei gjer heilomvending i spørsmålet om NFFs mandat til å innlemme nye liganivå i toppfotballpiloten, uttalar fotballpresidenten.

Neste møte mellom Fotballforbundet, Idrettsforbundet og den politiske leiinga i Helse- og omsorgsdepartementet blir 10. august. (©NPK)