Spelte inn podkast på Hoven

Hoven: F.v. Casper Lehland, Christian Laland og Christian Schjelderup som spelte inn podkast på toppen av restauranten ved Loen Skylift.  Foto: Bobilpodden

Nyhende

Koronaviruset sette ein stoppar for utanlandsferien i sommar. Då bestemte gutegjengen seg for å teste ut bubilferie – og lage podkast om reisa. Onsdag besøkte dei Loen Skylift.

Ferske tal viser at 340.000 nordmenn skal feriere i bubil i år. Blant desse er kompisane Casper Lehland, Christian Laland, Christian Schjelderup og Paul Lundstuen.

- Målet er å teste livet på landevegen, og oppleve Norge, skriv karane i ei pressemelding. Vi har heilt frå vi begynte å planlegge turen, drøymt om å sjå høge fjell og djupe fjordar. Det punktet kan vi verkeleg sjekke av no, seier programleiar Christian Laland medan han skuar utover Nordfjord frå toppen av Hoven.

Her spelte kompisane inn sin ellevte episode av podkasten Bobilpodden. Podkasten har allereie mange tusen lyttarar i heile landet. Det var nemleg lyttarane som overtalte podkastgjengen om å ta turen til Loen.

- Vi har jo fantastiske lyttarvener som hjelper oss på livets landeveg, og kjem med tips. Det var desse som oppfordra oss til å ta turen til Loen, og sjekke utsikta frå Hoven. Dette er vel det ein med tryggheit kan kalle leveringsgaranti, for maken til utsikt skal du leite lenge etter. Fy flate så fint det er her, konstaterer Casper Lehland, som er podkastens andre programleiar.

- Eeg er fornøgd, seier sjefssjåfør Paul Lundstuen, ein mann av elles få ord.

- Utsikta var vanvittig, eller "caravanvittig" som eg plar seie, fortel Casper Lehland til Fjordingen. Etter besøket på Hoven gjekk turen vidare til Kalvåg for bubilkarane.

Lite bubilsnakk

Podkasten som tek lyttarane gjennom planleggings-, gjennomførings-, og debriefingsfasen, har no snaue to veker igjen på det dei kaller «livets landeveg».

- Nokre vil kanskje påstå at vi snakkar litt for lite om bubil, til å kvalifisere for å kalle oss Bobilpodden – eller som vi liker å kalle oss, Kongelige norske Bobilpodden, seier Lehland.

- Ja, vi plar seie at det er 4% bobil, 16% guttestemning og 80% rein glede, supplerer Schjelderup.

Podkasten frå Stryn kommune og Loen kan du høyre på bobilpodden.no.