Folkemuseet feirar 100 år

Sverd, dåpsluer og våpen med den tyske ørna og hakekorset er berre nokre av gjenstandane Nordfjord Folkemuseum syner fram i sommar, når dei skal fortelje om den 100 år gamle historia si.

Det er 100 år sidan Nordfjord Folkemuseum på Sandane opna, og dette blir feira med blant anna jubileumsutstilling, markering og ei artikkelsamling, fortel avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.   Foto: Nordfjord Folkemuseum

Vi ønskjer å vise at den 100 år gamle historia til museet er tett knytt til samfunnet elles

Avd.dir. Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum
Nyhende

– Vi ønskjer å vise at historia til museet er tett knytt til samfunnet elles. Mange av dei gjenstandane som har blitt samla inn i løpet av desse 100 åra ville dei som var pådrivarar for museet i si tid takka nei til. Det må sjåast i lys av samfunnet generelt, der vi har gått frå lokal- og handproduserte produkt til masseprodusert overflod for folk flest. Mange tema som var tabu eller sett ned på før, har ein også seinare fått auga opp for, seier avdelingsdirektør ved museet, Anne Kristin Moe, i ei pressemelding frå Nordfjord Folkemuseum på Sandane.