Leiarartikkel i Fjordingen:

Post annakvar kvardag

Frå og med neste veke er det slutt på at du får post i postkassa di fem dagar i veka. Frå tysdag 7. juli vil du få post to dagar i veka den eine veka – og tre dagar påfølgjande veke. Og ikkje ein gong på dei same vekedagane. 

Posten kjem annankvar kvardag frå tysdag 7. juli. (Illustrasjon) 

Vi fryktar at mange heretter vil få avisa levert for seint. Skulda for det ligg hos stortingspolitikarane

Nyhende

Ikkje så nøye, tenkjer kanskje mange. Vi får jo det meste elektronisk no. Og det stemmer. Mengda brevpost som Posten handterer har stupt dei seinare åra. Breva frå banken din får du digitalt. Og e-post og sosiale medier har for lengst teke over som verktøy for den daglege kommunikasjonen din med vener og familie.