Vakker reise i tonar og rytmer

Det vart ei vakker reise i tonar og rytmer i nye Olden kyrkje søndag, då Stevia, Jon Are Steen og Andrea Vinsrygg Steen heldt konsert.

Konsert i nyekyrkja i Olden: Musikken vandrar både gjennom tida og over landegrensene med Gunnhild Sindre (f.v.), Bente Flore og Ingrid Wangensteen i Stevia. 

Nyhende

– Vi har vore svoltefora på kulturopplevingar i denne korona-perioden, så no gledar vi oss til å få høyre flott song og musikk, sa soknerådsleiar Reidun Brynestad, då ho introduserte Stevia og far og dotter Steen – Jon Are og Andrea.