Johan (9):

– Dette bør andre også vere med på, det er kjempekjekt!

Førre veke gjekk den første veka av Stryn fotball sin aktivitetscamp av stabelen.

Aktivitetscamp: Glade born på Stryn fotball sin aktivitetscamp. Leik, moro og sosialt samvær står i sentrum for aktivitetsveka.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Dette er veldig kjekt å vere med på. Eg angrar ikkje på at eg melde meg på, og dette bør andre også vere med på, det er kjempekjekt, seier Johan Kjøde Kandal (9). Dei andre er einige, og det var ein aktiv gjeng som møtte Fjordingen førre veke.