Vil legge meir til rette for bubilar:

– Har indre Nordfjord råd til å seie nei takk til turistomsetjing på 30 millionar i sommar?

Geir Semb frå Skien har feriert i Olden og Nordfjord i 43 år, dei siste 12 åra som bubilturist. Han meiner det er lite tilrettelagt for bubilar i området, anna enn på campingplassane. No er han redd for at Stryn skal gå glipp av bubilturistane i sommar.

Meir plass til bubilar: Geir Semb meiner det må leggast til rette for bubilar i Stryn kommune i sommar. – Slik det er no med fulle campingplassar går kommunen går glipp av store inntekter, meiner Semb.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Norske bubilturistar legg att meir pengar lokalt enn dei utanlandske. Det er viktig at vi har plass til dei, slik at lokalt næringsliv kan få økonomisk glede av trafikken i sommar, sa Semb til Fjordingen etter ei pinse der det var stappfullt på campingplassane, og der veldig mange campingeigarar måtte avvise gjester.