Farevarsel om snø i fjellet – fleire fjellovergangar stengde

Fv 258 Gamle Strynefjellsvegen.   Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Fleire fjellovergangar er nattestengde fordi det er venta snø i fjellet i Sør-Norge det neste døgnet. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel.

Vegtrafikksentralen har måndag ettermiddag meldt at Sognefjellet i Innlandet og Vestlandet, og dessutan fv 258 Gamle Strynefjellsvegen, blir begge haldne stengde mellom klokka 20.00 og 08.00.

Det er venta kuldegrader og nedbør, skriv Vegtrafikksentralen Aust på Twitter.

Snøen blir venta i fjellområde over 800 meter frå måndag kveld til tysdag ettermiddag.

Det er venta mest nedbør i vestlege fjelltrakter, og bilistar blir oppmoda til å bruke rette dekk og køyre etter forholda – som kan bli svært vanskelege.

(©NPK)