60.000 kr til Markane IL

Markane IL: Sparebanken Vest har delt ut 60.000 kr frå sitt koronafond til Markane IL. F.v. Lisbeth Mikkelsen, Målfrid Romsøe Sæten, leiar i Markane IL Eldbjørg Hatledal og Siri Fure.  Foto: Privat

Nyhende

Markane IL fekk tildelt 60.000 kr frå Sparebanken Vest sitt koronafond førre veke.

– Vi er opptekne av fysisk aktivitet, eit variert fritidstilbod og gode oppvekstvilkår for alle born og unge i Stryn. Med denne tildelinga på til saman 15 millionar kroner til idretten ønskjer vi å bidra til at idrettslaga kan fortsetje sitt viktige arbeid no som landet gradvis blir opna opp igjen, seier Siri Fure, Målfrid Romsøe Sæten og Lisbeth Mikkelsen som er rådgivarar ved Sparebanken Vest sitt kontor i Stryn.

Idrettslag på Vestlandet melder om store inntektstap som følgje av koronakrisa og at aktivitetstilbodet vil bli redusert både på kort og lengre sikt som følgje av det.

– Vi håpar at koronafondet kan bidra til å løyse nokre av utfordringane som idrettslaga har no, seier rådgjevarane.

Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest sitt koronafond blei oppretta i mars i år som eit ekstraordinært tiltak. Formålet med fondet er å støtte lag og foreiningar på Vestlandet som slit økonomisk som følgje av korona-epidemien. Totalt har fondet sett av 100 millionar kroner, og 15 millionar av dette går no til meir enn 200 idrettslag over heile Vestlandet.

I mai fekk meir enn 150 korps støtte frå fondet.