Kari Svendsen: Aldri ein sommar utan Stryn

Ho er kjend som «Banjo-Kari». Ein av dei viktigaste formidlarane i norsk visetradisjon, tildelt St. Hallvard-medaljen for sin enorme kulturinnsats i Oslo. Kjend frå revyscena, Barne-TV, radioteater, plateinnspelingar, tallause konsertar og turnéar. Men om sommaren, då må Kari Svendsen til Stryn.

Vener for livet: Kari Svendsen og Vesla Bergem har hatt eit nært forhold heilt sidan tida i legendariske Club 7 i Oslo. No er det ikkje ein sommar utan at «Banjo-Kari» besøkjer si gode venninne i Stryn.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Alle som har møtt Kari Svendsen veit at det er ei munnrapp dame dei har med å gjere. Gestikulerer og ler. Ut trillar det gullkorn på løpande band.