Raja inviterer idrettstoppane til hastemøte

Kulturminister Abid Raja opnar for å møte toppane i Norges Fotballforbund allereie torsdag for å diskutere kravet om full opning av breiddefotballen.  Foto: Annika Byrde

Nyhende

Kulturminister Abid Raja opnar for å møte toppane i Norges Fotballforbund allereie torsdag for å diskutere kravet om full opning av breiddefotballen.

Det skriv statsråden på Twitter onsdag.

– Dei ber om møte snarast i juli. Eg kan møte dykk allereie i morgon! Eg er på Knutholmen i Bremanger og ferdig med program kl. 17. Kan de vere på plass i morgon, eller vil de eg finn ein annan dag? heiter det i meldinga frå Raja.

Utspelet kjem i kjølvatnet av at Fotballforbundet tysdag bad om eit møte med kulturministeren i god tid før 1. august for å leggje fram planane for eit eige smittevernopplegg rundt breiddefotballen.

Forbundet vil ha full trening med kontakt og kampar frå 1. august, men i utgangspunktet er det ikkje fastsett noko nytt møte mellom styresmaktene, NFF og Norges idrettsforbund før 10. august. Det meiner NFF er for seint.

Ingen dato

Tysdag varsla fotballpresident Terje Svendsen at det vil bli sendt eit brev til kulturminister Abid Raja og helseminister Bent Høie. Målet var å få i stand eit møte allereie i veke 30 som startar måndag 20. juli.

No opnar altså statsråden for å møte idrettstoppane i god tid før det. I utspelet på onsdag i sosiale medium har han òg tagga idrettspresident Berit Kjøll.

Reaksjonane har vore sterke på at fotballspelarar over 19 år verken kan trene eller spele kampar som normalt. Styresmaktene held fast på einmetersregelen, og framleis er ingen dato sett for når trening og kampar med full kontakt kan starte opp.

Idrettsrørsla generelt, og fotballen spesielt, meiner faren for fråfall i breiddeidretten er stor dersom det dryger med oppstart. Tysdag gjekk John Arne Riise ut og oppmoda fotballspelarar til å bryte med einmetersregelen og starte opp med vanleg trening.

Breidda må vente

Same dag lanserte NFF eit eige opplegg forbundet håpar kan få fart på gjenopninga av breiddefotballen. Erfaringane frå den såkalla smitteprotokollen for toppfotballen blir brukt som modell. Denne modellen førte til at Eliteserien vart sparka i gang 16. juni, seinare òg Toppserien og førstedivisjon for menn.

– Breiddefotballen kan klare det same. Det er tre hovudprinsipp som ligg til grunn for å hindre smitte i fotballen: Sjuke personar skal ikkje delta på trening, det skal praktiserast god hygiene på trening, og det skal vere redusert kontakt mellom personar. Alle som ønskjer å spele fotball med full kontakt, klarer å følgje desse prinsippa, sa Magnus Myntevik, som er leiar av NFFs medisinske råd.

Styresmaktene har samtidig argumentert med at gjenopninga av idretten må skje gradvis og at breiddeidretten derfor må vente.

(©NPK)