Stipend til Steffen, Gunn Kristi og Maren

Steffen Melheim er tildelt 10.000 kr i stipend.  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

Steffen Melheim frå Olden IL er tildelt 10.000 i stipend frå Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane. Det melder Olden IL si friidrettsgruppe på Facebook. Også skiskyttarane Gunn Kristi Tvinnnereim (Hardbagg IL) og Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL) har fått 10.000 kroner i stipend. Stipendet er tildelt 11 lovande utøvarar i ulike idrettar i alderen 16-19 år.

Stipend: Maren Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL.  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Stipend: Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, Hardbagg IL.  Foto: Privat

I helga stiller Melheim på ei treningssamling med rekrutteringslandslaget i kast i Gloppen. Søndag deltek han i konkurranse på Loggane.