Romsdalsgondolen på Åndalsnes:

Stryningar med luftig arbeidsplass

Fire arbeidarar frå HS Bygg i Stryn har ein mildt sagt luftig arbeidsplass dei komande månadane.

Luftig: HS Bygg held på med mastfundamentet på den nye gondolen i Åndalsnes. Andreas Svoren Strand (t.v.) og Bjørnar Sæten har ein luftig arbeidsplass.   Foto: Privat

Nyhende

Andreas Svoren Strand, Bjørnar Sæten og Frank Sanden frå Loen og Morten Lindvik frå Veslebygda får testa høgdeskrekken når dei jobbar på den nye gondolen som no er under oppføring i Åndalsnes.