Barnas Turlag med mange flotte turmål i år:

– Bli med på turboturane

For alle born som er heime i sommar, er eit godt tips turboturane til Barnas Turlag til ei rekkje flotte turmål.

Turbo er maskoten til Barnas Turlag. Her på Kom deg ut- dagen ved nausta i Stryn i fjor. Sidan oppslutninga var så stor, blir det ny felles utedag her søndag 6. september.  Foto: Barnas Turlag

Nyhende

Barnas Turlag er ei undergruppe av Indre Nordfjord Turlag, og har lågterskel-tilbod til alle born opp til om lag 12 år. Ein treng ikkje å vere DNT-medlem for å bli med på aktivitetane.