Politikarane tok kontroll i vassverk-saka

Stryn kommune får ikkje høve til å overta private vassverk, så sant ikkje vassverka sjølve tek initiativ til dette, eller kommunepolitikarne gjev grønt lys til forhandlingar. Det bestemte kommunestyret før sommarferien.

Privat: Gunnar Harstad er leiar for det private vassverket på Hjelle. Med vedtaket i kommunestyret forblir dei mest truleg private også i framtida. Her frå ei omvisning på vassverket i vinter. 

Nyhende

Vassforsyning er definert som kritisk infrastruktur av statlege styresmakter. Både i høve beredskap og som nok og godt drikkevatn til alle. Mellom tiltaka som var foreslått i kommunedelplan for vassforsyning 2020-2030, var overtaking av private vassverk. Over halvparten av innbyggjarane i kommunen får vatn frå slike i dag.