Sommarfilmar ved Stryn kino

Kvar søndag er det sommarkino med fleire filmtitlar i Stryn kulturhus.

Knerten og Sjøormen: I den nye filmen om Knerten (300 ½ år) og Lillebror (7) er dei på verdens beste sommarferie på ei magisk øy. Filmen går på Stryn kino søndag 19. juli  Foto: Filmweb

Nyhende

Blant filmane framover i juli står familiefilmane Knerten og Sjørormen og Bølle i trøbbel, actionfilmen The Outpost og skrekkfilmen The Rental. Resten av sommaren blir det litt meir usikkert kva filmar som kjem.

– Vi er avhengige av at kinoar i andre store land opnar, så det er ikkje godt å seie kva vi får vise enno, sa kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme tidlegare i sommar.

Alle kinogjengarar må følgje smittevernreglane. På grunn av kravet om avtand, har storsalen i kulturhuset no lov å ha 91 personar inne på kvar visning.

Symjehallen og kaféen er stengt i sommar.

Manglar tilgang til nye filmar

Kinoane slit med å få nye filmar til å fylle lerreta.

Kvardagen er framleis langt frå normalen i bransjen, sjølv om ein har fått utvida kapasiteten til maks 200 i dei aller største salane.

– Vi har framleis svært mange permitterte tilsette. Ei anna stor utfordring er at vi har så godt som ingen nye, store filmar å fylle kinoane med, seier Christin Berg, programdirektør i Nordisk Film Kino. Dei store filmstudioa held tilbake filmane sine over heile verda under pandemien, og særleg fram til kinoane i USA og Storbritannia får opne igjen. Blant filmane som er utsette, er den siste James Bond-filmen «No Time To Die», «Ghostbusters Afterlife» , «The Fast and The Furious 9» og «Tenet».

– Det er krevjande, men skal ein film få inntening, må mulegheitene til å fylle seta vere der, seier Berg. (NPK)