Tre år sidan flaumen i Utvik

– Uroleg for at det vil skje igjen

24. juli 2017 vakna innbyggjarane i Utvik til eit skremmande og surrealistisk syn av vatn, gjørme, greiner og gjenstandar på vill fart ned bygda. Lenge låg delar av Utvik som eit ope sår, etter store skader på hus og terreng. Tre år etter fryktar ordførar og utvikar Per Kjøllesdal at det er eit spørsmål om tid før det same skjer igjen.

Flaskehals: Mellom dei to øvste bruene i Storelva er det sprengt ut og støypt forsterkingar, men den øvste brua er akkurat som den var før flaumen. Ordførar Per Kjøllesdal meiner flaskehalsen, og såleis faren for flaum, difor er akkurat like stor i dag som då elva fløymde over i juli 2017. – Faren for at det vil gjenta seg er veldig stor, seier Kjøllesdal. 

Nyhende

– Det er ikkje gjort noko med slukeevna og stolpane som står under brua, og som fangar alt som kjem med elva, og som gjorde at det gjekk seg tett sist. Faren for at det vil gjenta seg er veldig stor, seier Kjøllesdal.