Flaumsikringsarbeid gjorde innhogg i privat hage på Grodås:

Krev erstatning

Flaumsikringsarbeidet av Vikaelva på Grodås er ferdig, men ein grunneigar langs elva krev erstatning frå Volda kommune for å ha mista 200 kvadratmeter med hage under elveførebygginga.

Mista delar av hagen: Det ser flott ut langs Vikaelva i dag, men ein grunneigar opplyser at ca. 200 kvadratmeter av denne hagen er borte som følge av flaumsikring av elva og krev erstatning frå kommunen.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Utan å talfeste nokon sum, har ein grunneigar på Grodås retta erstatningskrav til Volda kommune etter at flaumsikring av Vikaelva har ført til inngrep på ein privat hage. Grunneigaren peikar på at kommunen ikkje har fått løyve til dette.