Olden Fjordhotel vurderte å halde stengt i år:

Kunne fyllt opp eit hotell til

På grunn av koronasituasjonen vurderte Olden Fjordhotel om dei i det heile skulle ha ope denne sesongen, seier dagleg leiar Audhild Friheim.

Audhild Friheim: –Vi er nøgde med sesongen sjølv om den blir kortare enn normalt. Til neste år håpar vi på eit normal-år med full drift som før. 

Nyhende

– Vi bestemte oss for å opne 19. juni. Det angrar vi ikkje på i dag, fortset Friheim. Vi kunne sikkert fyllt opp eit hotell til i løpet av dei siste vekene.