Til sjukehus i ambulansehelikopter etter gravemaskinulukke

Ein person er sendt til Førde sentralsjukehus i ambuansehelikopter etter å ha ligge fastklemd under ei gravemaskin.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein person er sendt til Førde sentralsjukehus i ambulansehelikopter etter ulukke med gravemaskin. Ulukka har i følge politiet sin operasjonssentral skjedd på Nordsida i Stryn. Personen låg fastklemd under gravemaskina, men skal vere frigjort og sendt til sjukehus. Skadeomfang og årsak til ulukka er førebels ukjent.

- Politipatruljen som er på staden opplyser at det var ein minigavemaskin som hadde kome utfor ein om lag to meter høg kant. Føraren hadde fått maskina over seg. Muligens over hofta. Føraren var bevisst, men skadeomfanget er ukjent, seier polioverbetjent Vidar Stavik til Fjordingen.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt opplyser til Sunnmørsposten at brannvesenet rykka ut med alt tilgjengeleg mannskap og fekk personen laus.