Tre år sidan flaumen i Utvik:

Familien måtte røme huset

Ellen Hilde Hauge og familien var mellom dei som måtte røme huset i Utvik då Storelva fløymde julimorgonen for tre år sidan. – Måtte vi aldri få oppleve det att, seier ho.

Var livredd: Ellen Hilde Hauge skildrar nokre dramatiske morgontimar måndag 24. juli for tre år sidan. Familien, som var i sluttfasen av eit større oppussingsprosjekt, måtte røme huset. Kjellar og uteområde vart øydelagt av flaumen, men no er renoveringa endeleg sluttført og Hauge håpar dei slepp oppleve noko liknande igjen. 

Nyhende

Nesten på dagen tre år etter flaumen møter vi Hauge der dramatikken utspann seg. Ho og mannen Jan Erik var på den tida i sluttfasen av oppussinga av det staselege huset som er bygd av oldeforeldra hennar. Huset ligg tett inntil vegen, like ved Urdabrunn.