LEIAR:

Ikkje gløym 22. juli!

Minnesteinen etter 22. juli, Betaniaparken i Stryn.   Foto: Bengt Flaten

Ni år etter har vi ein generasjon som var svært unge eller ikkje ein gong var fødde, då bomba og kulene small

Nyhende

For ni år sidan vart 77 menneske drepne av ein terrorist som skulle vise motstanden sin mot det etablerte politiske miljøet i Norge. Særleg ville han råke dei unge politikarane som var samla til AUF-leir på Utøya. 69 menneske vart skotne på Utøya, åtte menneske vart drepne under bombeangrepet mot regjeringskvartalet eit par timar tidlegare. I tillegg til alle som brutalt vart frårøva livet, vart mange skadde. Tilbake sit pårørande og vener som aldri får sine kjære tilbake.