Tre år sidan flaumen i Utvik:

Måtte fjerne 60 kubikk gjørme frå tunet på Bruland

Også Brulandselva tok nye vegar 24. juli. Kjell og Kirsten Tisthamar fekk tunet og deler av huset fylt med gjørme.

Nøgde: Ekteparet Tisthamar er godt nøgde med korleis tunet og huset er renovert. 

Nyhende

– No er det byrja sjå ganske normalt ut, og elva er dei akkurat ferdig med, fortel Kjell Tisthamar. Han er svært trygg på at Brulandselva no vil halde seg i elveløpet, og fortel at brua som tetta seg i 2017 er skifta ut.