Tre år sidan flaumen i Utvik:

Ventar framleis på å få ballbingen bygd opp att

I flaumen 2017 rauk også ballbingen i Utvik med. Ein starta raskt arbeidet med å få den bygd opp att, men enno står det berre ein tom grusplass.

Fortvila: Ellen Hilde Hauge er fortvila over at ballbingen enno ikkje er fullført. Naturskadefondet nektar å erstatte bingen som forsvann i flaumen, og den var ikkje forsikra. No håpar dei på spelemidlar. Ballbingen er tenkt bygd på denne grusplassen, på motsett side av elva i høve der den vart bygd i 2007.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

– Ungane har ikkje ein plass å vere. Det er ikkje så mykje å finne på her ute, og ballbingen var eit samlingspunkt. Der var det folk heile sommaren. At det står ein tom plass er stusseleg, seier Ellen Hilde Hauge, som fram til i fjor var med i utviklingslaget som jobbar for ny ballbinge i bygda.