To sel på Raksætra har byrja med gjesteutleige:

Frå Horten for støylskjensla

For ei veke sidan sat Eline Brevik og scrolla på instagram. Ei veke seinare reiste familien frå Horten for å oppleve sætrefølelsen i Loen.

Familien på fire: Familien på fire har storkosa seg på Raksætra, og seier dette er ei fyrstegongsoppleving som freistar til gjentaking. Charles Reyes og Eline Brevik med borna Amalie Brevik Reyes (3) og Eliah Brevik Reyes (1), og hunden Louie. Alle foto: privat 

Nyhende

Raksætra har tatt av som turistperle, og ved fleire henvendelsar om der var hytteutleige på Raksætra, bestemte eigar Endre Solheim seg for å følge opp etterspurnaden. Ein konto for selet vart oppretta på sosiale media, og responsen har vore stor.