Hydlaparken er ein stad der dagane fyk

Instruktør i Hydlaparken, Bendik Vereide, kan fortelje om fullt trøkk heilt sidan dei opna i byrjinga av juni. Han tykkjer dagane går fort i klatreparken.

Godt besøk: Hydlaparken kan melde om ein god sommar så langt, med nesten full utnytting av dei 150 klatreselane kvar dag. Flest besøkjande kjem utanfrå Stryn. 

Nyhende

– Det har vore full park heile sommaren. Om det er regn eller sol så er alle klatreselane utleigde, fortel han. Totalt har dei 150 selar til utleige og 120 kan førehandsbookast.