Kommunen beklagar feilklipping av hekk

Ei misforståing gjorde at hekken kring leilegheitene ved Sjøatunet burettslag i Olden vart klipt ned av tilsette ved uteavdelinga i Stryn kommune. No lovar kommunen innsynskjerming som eit mellombels plaster på såret.

What the hekk: Bebuarar i dei private leilegheitene i Sjøatunet burettslag i Olden reagerte sterkt då kommunen hadde klipt hekken langs vegen.Dei skulle etter rett berre klipt hekken ved ei av dei kommunale leilegheitene. No lovar kommunen innsynsskjerming for å bøte på feilen. 

Nyhende

– Stryn kommune beklagar sterkt det som har skjedd i denne saka. Det har skjedd ei misforståing mellom tilsette på uteavdelinga i kommunen, som har medført at privat hekk har blitt klipt ned, skriv avdelingsleiar for kommunalteknikk, Sigurd Muldsvor, i eit brev til burettslaget fredag.