Sommarbilde frå lesarane:

Send oss dine sommarbilde!

Loen: Kveldstur til Tjugensetra.  Foto: Isak Loen

Nyhende

Vi takkar for nye, flotte bidrag med sommarbilde frå lesarane!

Nokre etterlengta dagar med finevêr bidreg gjerne til auka utfart til fjord og fjell, og til aktivitetar og sprell i eigen hage.

Vi oppmodar deg som lesar til å sende inn bildeglimt frå din sommar. Kanskje kan du inspirere til turar eller aktivitetar for andre!

Send dine sommarbilde til e-post: redaksjon@fjordingen.no, eller til mobil: 40402140.

PS! Pass på at de sender frå dykk bileta i god oppløysing slik at dei også gjer seg på trykk i papiravisa, og breiddebilde er å føretrekke så sant ikkje motivet krev noko anna. Og hugs fullt namn og adresse, så er du med i trekkinga av Flax-lodd!

Søndagstur: Til steinhytta ved Svartevatnet.   Foto: Isak Loen



Fjellakrobatikk: - Ferie i Norge og Fagre Stryn /Loen skylift er ikke så verst. Akrobatikk høyt til fjells, skriv fotograf Anne-Karin Andresen.  Foto: Anne-Karin Andresen

Lodalen: Utsikt mot Kjenndalen.   Foto: Sigmund Tunold

Fjordutsikt: Frå Brulandsstøylen.   Foto: Bente Drageset

- Når «alle» skal besøke Loen, blir det trafikkkaos innover Lodalen, skriv fotograf Kjersti Lande Bøe.  Foto: Kjersti Lande Bøe

Til fjells: Fiskelykke i Kvandalen.  Foto: Oddvar Hopland

Høgfjellet: Juvasshytta i Jotunheimen.   Foto: Sigmund Tunold

Sunnmørstur: Over Brekkeskaret til Ljøen, ein tur som kan anbefalast, seier Eivind Skjerven.  Foto: Eivind Skjerven