Utanfor livsfare etter gravemaskinulukke

Mannen som kom i klem under ei minigravemaskin torsdag kveld er utanfor livsfare. Det opplyser politioverbetjent Vidar Stavik.

Til sjukehus: Mannen vart først sendt til Førde sentralsjukehus i ambuansehelikopter og deretter til Haukeland universitetssjukehus.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Mannen som bur på Nordsida i Stryn kommune heldt på åleine då gravemaskina kom ut for ein om lag to meter høg kant. Mannen vart liggjande i klem under maskina, og det var naboar som høyrde han rope om hjelp.