– Bli gode på å legge til rette!

–Tilrettelegging for dei tilreisande er ei betre problemløysing for auken i tal tilreisande enn innskrenkingar, reguleringar og forbodskilt, seier ein tydeleg Rune Holen.

Langsiktig: Rune Holen meiner Stryn må tenke heilheitleg og langsiktig når ein legg til rette for turisme i Stryn. – Eg har sånn trua på Stryn og kva potensial vi har her, seier han og slår ut med armane. Vi må berre klare å nytte det på ein tilstrekkeleg god måte. Spesielt vektlegg han moglegheitene i skjeringspunktet mellom forvaltning, reiseliv og landbruk. 

Bygdene skulle hatt infrastruktur på linje med ein liten by for å handtere tilstrøyminga av turistar

Nyhende

Han arbeider til dagleg med tilrettelegging av stiar nasjonalt og er medeigar i Naturservice som jobbar med naturbasert- og aktivitetsbasert tilrettelegging.