Arnestaden Bryggja i Nordfjord, del 3 Bremanger

Like vest for Elde, på Bremangerlandet, har familien slekt. No hadde nokon eigna seg om eit lite treff. «Lågeiden» kom inn til Elde og henta oss ein laurdagskveld. Ein liten båt, delvis open, med litt presenning. Ut Rugsund-straumen gjekk det fint, men ute i Skatestraumen møtte vi ruskever.

Nordfjord 1: Gamle ærverdige Nordfjord1». Fylkesbåtane sin stambåt på Nordfjord. Denne har han reist mykje med! Faksimile  Foto: Faksimile

Ja, det var mykje båt då, både med og utan motor. Og «Hessevikjen»?. Jau, den reiste vi med, ein sommar, heilt inn til Blakset, til eit Roset-bryllup. Det var ei Solibakk-nabojente, ei venninne av mor, som skulle stå brud, og her var det også mykje slekt, så båten blei fullasta

Nyhende

Skikkeleg ruskever, med sjø og vind og regn. Gutane vart skikkeleg redde! Men det gjekk bra, og på Lågeide var det overnatting.